Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Ugler i mosen

Undervisningsvideo : 5 programmer

1 Forsvar
Dyr har ulike måtar å forsvare seg på. Kameleonen skiftar farge etter omgivnaden og viser med farge kva den føler. Piggsvinet forsvarer seg ved hjelp av piggane og stinkdyret nyttar lukt i sitt forsvar. Marihøna gir signal til omverda at ho er farleg ved hjelp av fargen sin, medan ufarlege insekt kan etterlikne andre for å skremme. I ”Kven er det som har bæsja?” får vi høyre om edderkoppen. 20 min

2 Kua
I dette programmet inviterer Finn Arve oss med på ei reise gjennom kua sine fire magar. Kua har ikkje tenner i overkjeven og må derfor nærmast male opp graset før den svelger. Namnet på dei ulike magane er: Vomma, nettmagen, bladmagen og løypemagen. Astrid fortel om alt ein kan bruke mjølk til. Vi får også ein kort presentasjon av lemuren. 25 min

3 Grisen
Gris har vi hatt i Noreg i mange tusen år. Grisen liknar oss menneska innvendig. Hanngrisen blir kalla råne, medan hogrisen blir kalla purke. Den føder mange ungar og har 14 spenar. Ein nyfødd gris veg kring 1 kg og når den er 7 mnd. har den blitt rundt 80 kg. Grisen er sosiale dyr som likar seg godt i flokk, og når halen krøller seg er dette eit teikn på den har det bra. Astrid fortel kvifor det er viktig at det i ein flokk er viktig med leiardyr. Vi får også vite litt om sjiraffen . 20 min

4 Blekksprut
Blekkspruten har 8 eller 10 armar, den er eit blautdyr og har ingen kropp. På armane, eller tentaklane, er det festa sugekoppar som blekkspruten brukar når den fangar mat. Blekkspruten skiftar farge for å skjule seg for fiendane sine og sprutar ut blekk om den føler seg trua. I tillegg er den utrusta med ein ”jetmotor” slik at den kan kome seg raskt vekk. Noko anna som er spesielt med blekkspruten er at den har tre hjarte og den har blågrønt blod. Den mest vanleg blekkspruten i Noreg er akkar. 25 min

5 Dinosaurer
Dinosaur tyder skrekkøgle og dei levde frå 230 – 65 millionar år sidan. Det var stor skilnad på størrelsen på dei. Den minste var Mikroraptor som var berre 0,5 kg og den største var Argentinosaurus som var 30 meter og 100 tonn. Nokon av dinosaurane var kjøttetande, medan andre levde av planter. Men ein ting hadde dei til felles, dei la alle egg. Kvifor dei døde ut er det fleire teoriar om. Vi får også vite litt om av pytonslangen.


Andre bøker på emnet Kuer (5)

  1. Bli med til Ingrid, Johan og kua
  2. Dyra på gården
  3. Fru Ku
  4. Livet på landet
  5. Mari bestefars jente

Andre bøker på emnet Griser (4)

  1. Min første husdyrbok
  2. Nysgjerrigper 5/1999
  3. Vi ser på dyr på gården
  4. Dyra på gården

Andre bøker på emnet Blekksprut (4)

  1. Dyr og natur
  2. Nysgjerrigper 1/2003
  3. Fisk og Skalldyr i farger
  4. Livet i havet

Andre bøker på emnet Dinosaurer (22)

  1. Menneskets utvikling
  2. Urtiden
  3. Digre dinosaurer
  4. Rampete Robins fakta om dinosaurer
  5. Dinosaurene : En reise til forhistorisk tid
  6. Forhistorisk liv
List flere på Dinosaurer...
Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info