Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Den ortodokse kyrkja : Den romersk katolske kirke

Undervisningsveideo : 2 x 3 program

Den ortodokse kyrkja:
1 Gammal og ny tid
Dette første programmet tek hovudsakleg føre seg den gresk-ortodokse kyrkja. Vi får ei innføring i historikken som mellom anna førte til splittinga av den katolske kyrkja i ei austleg og ei vestleg retning. Vi vitjar Russland og ser korleis kyrkja overlevde 70 år med kommunistisk styre, og kva for rolle den russiske kyrkja spelar i dagens russiske samfunn. 30 min

2 I Guds hus
Vi tek ein rundtur i historiske kyrkjer rundt om på jorda. Vi startar i Jerusalem under påskehøgtida. Her får vi historia til den fyrste kyrkja, og starten på den ortodokse kyrkja. Vi vitjar og kyrkjene i Istanbul, med sine enorme og praktfulle veggmåleri, og vi følgjer bypresten i Aten på nokre av dei mange og varierte oppgåvene han har. 30 min

3 Å følgje Kristus heilt og fullt
Dette programmet handlar om klosterlivet. Vi får den historiske bakgrunnen for klosterlivet, og korleis denne tradisjonen vert halden i hevd i dag. Vi vitjar ei norsk nonne som har vore med å byggje eit kloster i dei greske fjella. Dette er eit internasjonalt kloster med nonner frå 15 ulike land. Vi får eit innblikk i deira klosterliv.
30 min

Den romersk katolske kirke:
1 Kirken, Roma og Paven
Vi får her ei enkel innføring i den katolske læra. Vi tek utgangs- punkt i Roma, og får eit enkelt oversyn over kyrkjehistoria. Vi besøker Vatikanet der vi ser på kyrkjeadministrasjonen, Paven sin arbeidsdag og mediasenteret. Vi tek også turen innom Peterskyrkja og får høyre om historia til den viktigaste kristne kyrkja i verda. 25 min

2 De sju sakramentene og messen
Denne gongen konsentrerar vi oss om kyrkja og messa. Vi ser på kyrkjebygget si innreiing med relikviar og andre ting som skil katolske kyrkjer frå dei lutherske. Vi er med på messe og høyrer gregoriansk sang, og er til stades ved nattverden. Vi får også ein gjennomgang av dei sju sakramenta. 25 min

3 I Norge som i hele verden
Programmet omhandlar den katolske kyrkja sit samfunnsengasjement. Vi ser på ulike norske munke- og nonne- ordenar, men med hovudvekt på "etterkomarane" til Franz av Assissi. Helgenar vert også tatt opp, mellom anna St. Sunniva frå Selja og Olav den Heilage. Vi får høyre om den katolske kyrkja i Noreg frå kristninga og fram til i dag. 25 min


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info