Logg inn til ditt område
Ein bror i verdsrommet
roman
Storebroren til Elias, Mats, har permisjon frå sjukehuset. Elias gler seg til han kommer heim, men ting blir ikkje heilt slik han har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje gjere det Elias har planlagt at dei skal gjere saman. Då Mats må reise tilbake til sjukehuset, får Elias ei vond kjensle i magen. Han er redd storebroren ikkje blir frisk igjen. Så oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Han undrar på om det kan ha ein samanheng med det underlege raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen. Vennene Mina, Mu og Oliva er saman med han om å finne ut av mysteriet. Dette er ei forteljing som krinsar rundt dei store spørsmåla om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet, og om det å vere ein litt utypisk superhelt, samt om kor små vi er i den store samanhengen. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
Andre bøker på emnet Vennskap (175)
List flere på Vennskap...Andre bøker på emnet Døden (14)
- De blå elgers skog
- Dødenboka
- heltefabrikken
- Kanskje bestefar er en stjerne?
- NÃ¥r livet blir trist
- Plystre på Tella
Andre bøker på emnet Universet (12)
- En reise i verdensrommet
- Galakser
- PÃ¥ ei trapp i universet
- Det var en gang - verdensrommet
- 1000 fakta om verdensrommet
- Lek med teknik. Universum
Tech info