Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Rundt jordet

Far likar å halde seg i form, og tek gjerne ein springmarsj rundt jordet, men han vil ha med Klumpen som "hare" . Klumpen synest jordet er litt nifst og let som han er sjuk når far spør. Klumpen vert verkeleg sjuk, og alle er redde for han, til og med far held seg heime nokre dagar. Når han ligg der og er sjuk, trur Klumpen at han har skulda for det sjøl. Handlinga skiftar mellom Klumpens tankar og kva far og mor og Veslebror syslar med medan dei ventar på at Klumpen skal verte frisk att. Dette er ei stillferdig forteljing om skuldkjensle, angst for døden og forholdet mellom barn og vaksne. Spenninga ligg på det indre planet, og dyra er framstilte med sterke menneskelege trekk, med tankar og kjensler det er lett å leve seg inn i. Akin Düzakin sine illustrasjonar er i kjent strek, lett stiliserte med eit forenkla, naivistisk uttrykk. Dei spelar på lag med teksten, og små detaljar fyller ut tankane som harane gjer seg medan Klumpen ligg der og er livstrugande sjuk. Samlaget, 2000.


Andre bøker på emnet Sykdommer (3)

  1. Frans blir syk i utide
  2. Feber
  3. Jeg vil ha en hund

Andre bøker på emnet Barn (6)

  1. Ane og Bronky - i farta!
  2. Over grensen
  3. Gullunger, kullunger
  4. Feber
  5. Den mystiske krukka
  6. Ikke snakk sant
List flere på Barn...
Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Kaldfjord skole

Lånehistorikk Utlånt 1 ganger

  1. 2023 - 7. des.

Tech info