Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Soga om Tristram og Isond

Soga om Tristram og Isond er ei av dei store kjærleikssogene frå europeisk mellomalder. Soga fortel den dramatiske og vakre historia om kjærleiksparet Tristram og Isond, som er bundne til kvarandre i evig, men tragisk kjærleik.

Handlinga går føre seg i Bretagne, Cornwall og Irland. Kong Markis vil gifte seg med kongsdottera Isond, og sender riddaren Tristram ut for å fri til ho. Etter ei farefull reise, der han må kjempe mot ein eldsprutande drake, klarer Tristram endeleg å få med seg Isond. Men på ferda heim kjem dei av vanvare til å drikke kjærleiksdrikken som var tiltenkt Isond og kong Markis. Det kjem til å bestemme lagnaden for Tristram og Isond.

Soga om Tristram og Isond er blitt kalla Noregs første roman. Soga blei skriven i 1226 etter oppdrag frå kong Håkon Håkonsson, og er eit ypparleg eksempel på den høviske litteraturen som hoffet oppmuntra til. Den norrøne versjonen av forteljinga har hittil vore lite kjend i Noreg, og dette er første gongen soga blir gitt ut på moderne norsk.

Soga er omsett frå norrønt av Magnus Rindal, som også har skrive innleiing til boka.


Andre bøker på emnet norrøn litteratur (1)

  1. Soga om Gunnlaug Ormstunge

Andre bøker på emnet kjærlighet (129)

  1. Fordi jeg elsker deg
  2. Ikke naken
  3. Som i en drøm
  4. Emma
  5. WHAT I WAS
  6. Mad about the boy
List flere på kjærlighet...

Andre bøker på emnet historie (135)

  1. Kristin Lavransdatter
  2. Det gamle Hellas
  3. Samenes historie
  4. Matriks 8 ; Historie
  5. Veier til vår tid
  6. Sofies verden
List flere på historie...
Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Langnes skole

Aldri utlånt


Tech info