Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Gullivers hage

Undervisningsvideo

Fra forsiden av coveret:
Gulliver bor i Australia, eit land på andre sida av jordkloden. Vi følgjer Gulliver i kvardagen, og vi ser han har eit helt spesielt forstørringsglas som han nytter når han undersøker spor etter ville dyr. Norsk dokumentarserie i fem deler.

Fra baksiden av coveret:
1 Wombat
Wombat er eit pungdyr som lever av blad, gras og røter. Den er på storleik med ein hund, men mykje sterkare, og lever i hol under bakken. 10 min

2 Koala
Koala bjørnen ser ut som ein snill teddybjørn, men den kan bli opptil 1 meter høg. Den lever høgt oppe i eukalyptustree og det einaste dei lever av er eukalyptusblad. Dyret søv mykje heile 20 timar i døgnet. Koala er pungdyr og borna lever om lag eit halv år i pungen før den flyttar ut. 10 min

3 Goana
Dette er digre øgler som liknar på dinosaurar. Den største kan bli like stor som ein bil, men den mest vanlege storleiken er 1 1/2 meter. Den lever av mindre øgler og fuglar. Dei har svært kraftige klør, men er ikkje farlig for menneske. Dei er vekselvarme dyr som legg egg. 10 min

4 Kenguru
Det er mange ulike sortar kenguruar, men dei har til felles at dei er flokkdyr, som lever av gras og har store sterke bakbein. Kenguruen er pungdyr og dei er sky og skvettne. 10 min

5 Echidna
Den er litt større enn ein katt og kroppen er dekka av spisse nåler. Echidnaen legg eit egg som ho legg i pungen. Den har ei lang tunge som den brukar til å fange maur med. Echidnaen likar seg åleine og kan bli opptil 50 år.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Aldri utlånt


Tech info