Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



NATO-komplekset

om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet

Har bibliografi
I 2019 er verda atter prega av distanse mellom Russland og USA. Ved å delta i øvingar som storskala-operasjonen Trident Juncture, markerer Noreg seg som ein aktiv deltakar på amerikansk side, meiner professor Jon Hellesnes. Solberg-regjeringa er i ferd med å seie frå seg mykje av ansvaret for den norske militærpolitikken til NATO og Pentagon, meinar han. Kor klokt er dette frå eit utanrikspolitisk perspektiv? Hellesnes meiner at Noreg no har gitt avkall på eit fredeleg og diplomatisk ordna naboskap med Russland. I denne boka drøftar han årsakene og følgjene av dette skismaet. Jon Hellesnes er æresdoktor ved Universitetet i Bergen og professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø. Omtalen er utarbeidd av BS.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Lakselvbukt skole

Aldri utlånt


Tech info