Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Makta

Romanen "Makta" handlar om småbarnsmora Liv som forsøkjer å ta tilbake kontrollen over sitt eige liv. I femten år har ho bore på ei hemmelegheit. Som student blei ho valdteken av ein mann som ho frivillig blei med heim. No har ho ein mann og to barn. Ho har aldri snakka om den traumatiske hendinga med nokon, sjølv om den framleis pregar livet hennar kvar dag. Ho meiner til og med at ho kan kjenne igjen andre som har blitt valdteken, for ho kan sjå smerta i fjeset deira. Romanen krinsar rundt spørsmålet: Korleis skal ein gå vidare etter å ha blitt utsett for vald? For lesaren ligg noko av spenninga i det om Liv kjem til å fortelje nokon om det som har hendt. Vil ho makte å ta makta tilbake? Omtalen er utarbeidd av BS.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Lakselvbukt skole

Aldri utlånt


Tech info