Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Sterk vind

Det er omtrent ti år sidan Jon Fosse sist skreiv dramatikk. "Sterk vind", eit scenisk dikt, er det fyrste stykket han har skrive for teater etter pausen. Her møter vi Mannen, Kvinna og Den unge mannen. Dei bur visst saman, men kven er eigentleg i lag med kven? Mannen og Kvinna har eit forhold, men det har òg Kvinna og Den unge mannen som plutseleg dukkar opp. Stykket handlar mellom anna om tid, kjærleik, sjalusi og døden, og ein kan få kjensla av å opphalde seg i ein vond draum. "Sterk vind" har urpremiere på Det Norske Teatret hausten 2021. Jon Fosse reknast som ein av dei viktigaste forfattarane i vår tid, og tekstane hans er omsett til over 40 språk. Omtalen er utarbeidd av BS.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Lakselvbukt skole

Aldri utlånt


Tech info