Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Det mørke Tyskland

Ei reise blant høgreekstremistar

Under flyktningkrisa i 2015 tok Tyskland imot ein million syriske flyktningar. Dette skulle vise seg å setje fart på ei djup politisk polarisering i landet. Plutseleg fekk det høgrepopulistiske, islamfiendtlege og til dels høgreekstreme partiet AfD skikkeleg fotfeste. Dei fekk til og med ein plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 drap høgreekstreme den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke. Høgreekstremismen er i 2020 det største trugsmålet mot tryggleiken i landet, slo det tyske tryggingspolitiet fast. Kva er det som går føre seg i Tyskland? Astrid Sverresdotter har dykka djupt ned i dei tyske høgreekstreme miljøa. Lesaren får mellom anna møte Pegidademonstrantar, vere med på AfD sitt folkemøte i Erzgebirge og på konservative møte i dei herskapelege delane av Vest-Berlin. "Det mørke Tyskland" handlar om politisk polarisering, internettradikalisering, enorme sosiale skilnader, men òg om politisk mot. Forfattaren er journalist og historikar. Omtalen er utarbeidd av BS.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Lakselvbukt skole

Aldri utlånt


Tech info