Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Medborgar

eit amerikansk dikt

Claudia Rankines prosalyrikk utgjer eit sterkt, moderne vitnesbyrd om det å leve i ein svart kropp i eit kvitt USA. Rankine skriv om kvardagsrasisme frå framande og frå velmeinande vener, på butikken og på universitetet der ho arbeidar. Ho skriv om Serena Williams, om politivald, om prekære liv som formast av sosioøkonomiske og rasistiske strukturar, i eit land der jamstilling for loven reknast som ei udiskutabel sjølvfølge. Teksten står tidvis åleine, tidvis side om side med bildande kunst som minnast svarte ofre for politivald i Amerika. Samlinga er omsett av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Omtala er utarbeidd av BS.


Andre bøker på emnet Svarte (1)

  1. Barnepiken

Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Lakselvbukt skole

Aldri utlånt


Tech info