Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Pappa er sjørøvar

Pappaen til Tuva er sjørøvar. Kvar sommar drar han med sjørøvartankbilen sin for å røve ein sjø. Det er like hemmeleg som det er skummelt. Kvart år spør Tuva om ho kan få bli med. Pappa stiller ho opp innåt målestreken på veggen. I år er ho stor nok. Først røvar dei ein sjø i Finland. Tankbilen er full. Men kven skal få vatnet? Dei køyrer gjennom mange land, heilt til dei blir stoppa av soldatar og ein høg mur. På den andre sida ligg Palestina. Korleis skal dei kome seg gjennom muren og fram til dei som treng vatnet? Dette er ei politisk biletbok om Palestinakonflikten, og stiller store spørsmål som ikkje kan stillast ofte nok. Korfor er verda så urettferdig? Kva kan du og eg gjere? Biletbok for småskole-/mellomtrinnet.


Andre bøker på emnet Krig (1)

  1. OVER GRENSEN

Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Slettaelva skole

Lånehistorikk Utlånt 1 ganger

  1. 2011 - 19. des. 16 dager.

Tech info