Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



God i ord, Språkbok 3

Oppgåver for ulike læringsstilar
Boka inneheld oppgåver som kjem ulike læringsstilar i møte, noko som gir elevane utfordringar og mogelegheiter til fordjuping på ulike nivå. Kvart kapittel har langt fleire oppgåver enn det kjem til å vere tid til å gjennomføre, og det er ikkje lagt opp til at alle elevane skal starte på side 1 og gjennomføre alt. Her skal det vere rikeleg med rom for læraren til å velje ut kva som skal vere fellesstoff og kva den enkelte elev kan velje ut frå interesse og nivå. Rammefaktorar på den enkelte skulen vil òg vere avgjerande for organiseringa av arbeidet. Vel ein ei stasjonsprega organisering av undervisninga, kan ulike elevgrupper rullere på dei ulike oppgåveområda.

Oppgåvene er organiserte under dei fire overskriftene «Oppgåver med blyant og papir», «Oppgåver på data», «Oppgåver på biblioteket» og «Oppgåver inne og ute».

Oppgåver på datamaskin er oppgåver som føreset ein viss tilgang på datautstyr. Her er skulane ulikt utstyrt, og bakgrunnskunnskapen både lærarar og elevar har, kan variere nokså mykje. Likevel, læreplanen gir klare føringar på at elevane skal bruke datamaskin heilt frå første skuleår, og etter fjerde trinn skal elevane kunne gjere informasjonssøk, skape, lagre og gjenhente tekstar ved hjelp av digitale verktøy. For skular med liten tilgang på datautstyr bør derfor desse oppgåvene vere eit mål snarare enn eit hinder med tanke på å finne løysingar for å kome måla i Kunnskapsløftet i møte.


Andre bøker på emnet Norsk sprÃ¥k (82)

  1. Gul bok 1
  2. Sesam sesam
  3. Sesam sesam ; PÃ¥ sporet
  4. Ordbok for grunnskolen
  5. Zeppelin start
  6. Ny i Norge
List flere på Norsk sprÃ¥k...
Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Straumsbukta skole

Aldri utlånt


Tech info