Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



I fugleværet

Faktabok om ærfuglen og Fortellingen om Isa og Ea

Isa er på øya hos besteforeldra. Ho har vore der ei tid og lengtar etter foreldra. Dei vaksne er opptatt med å stelle reira til ærfuglen, men Isa orkar ikkje vera med. Plutseleg finn ho ei e som har lagt seg på reir heilt utan skydd og ho ser minken som lurar like ved. Besteforeldra meiner ho kan passe ea, ein jobb folk på øyene har gjort i uminnelege tider. Så vert ho fuglevaktar og får vera med på alt arbeidet som gjerast med og for fuglane. Sidan kan ho samla dun frå reiret og gjera det klart for neste år. I denne delen av boka har ein prøvd å laga ei forteljing der fiksjon og fakta får arbeide saman. Det vert mykje fakta, men språket er godt og jentefiguren gjer rom for gjenkjenning. Boka har og ein faktadel på ca. 40 sider. Her gjer forfattaren oss kjennskap til fuglen og det arbeidet som folk har gjort der de har hatt ea som eit slags husdyr. Boka har bilder i svart-kvitt og farger som er illustrerande og vakre og layouten er delikat. Nokre av bileta har følgje av dikt skrive for vaksne. Faktadelen er nok ikkje spesielt tilrettelagt for barn, men har ordforråd ein lett forstår.


Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Straumsbukta skole

Lånehistorikk Utlånt 1 ganger

  1. 2008 - 21. aug. 98 dager.

Tech info