Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Logg inn til ditt område



Postman Pat 1 - 26

Undervisningsvideo

Fra forsiden av coveret:
Vi møter vår gamle kjenning Postman Pat og katten hans, Jess. Pat køyrer rundt og snakkar med folk - på engelsk.

1 Hello, everybody
Vi møter Pat og Miss i bilen på veg til postkontoret. Den enkle dialogen inneheld uttrykk som "turn left, turn right, lots of letters, a letter for Mrs.Thompson, a cup of tea for Pat, Pat likes his tea, I'll be on my way." 5 min

2 Happy birthday, Katy and Tom
Tvillingane Katy og Tom har gebursdag, og orda som dukkar opp er sjølvsagt "birthday, birthday presents, happy birthday! thank you." Pat leiter etter Katy si gamle dukke og uttrykk som vi då kjem i kontakt med er: "Where is Katy's doll?," "Is it in the church?" "It isn't here." Men til slutt finn Pat dukka: "Here it is!" Så blir det "a piece of cake for Pat" og "some milk for Jess." 5 min

3 What a lovely day
Pat er ute og køyrer igjen "over the bridge", "into the village", "to the school." Elevane på skulen i Greendale har plukka blomster "They look lovely", og elevane har henta egg også "They look good." Som vanleg er det "lots of letters" og "lots of parcels." "It's a lovely day, the sun is shining" og Pat bestemmer seg for å ete lunsj "in the field." 5 min

4 Where are my keys?
Pat sovna midt i lunsjen og hønene vart interesserte i både nøklar og "sandwiches." Han finn dei igjen: "Here they are. Here are my keys." Han finn også ringen til Mrs.Thompson, og som takk inviterer ho han på lunsj. "Have lunch here. Sit down here, Pat." Måltidet består av tea, pie, sandwiches, eggs og på bordet har dei flowers. 5 min

5 Pat's birthday!
Pat har gebursdag. Han får både presangar og "a birthday cake for Pat." "The cake looks good." "What a lovely surprise." Ein syng sjølvsagt gebursdagssongen til Pat. 5 min

6 Postman of the year
Det er framleis Pat sin gebursdag og han har fått gåver frå nesten alle i Greendale, men korleis veit alle det? "It's a secret." Han har fått "some strawberries, some cream, a cake, a walking stick, a sweater, a van and some cards." The newspaper har hatt reportasje om Pat fordi han er "Postman of the year" og det er slik alle har fått vite om dagen. 5 min

7 They don't like the rain
Det regnar. "It's a rainy day." "Pat and Jess don't like the rain." "Pat is wet." "The letters are wet." Pat møter Peter Fogg på vegen, han har blitt skiten. "My hands are dirty." " My sweater is dirty." Det held omsider opp å regne og Peter får vaske seg . "Pat is dry." "Peter is clean." 5 min

8 Be careful, it's very wet
Pat kjem ikkje fram i dag. "The road is blocked." "He can't get through." Kan Alf kome gjennom med sin traktor? "Can he get through." Det gjekk ikkje, men Peter Fogg seier "I can help you." Pat skal levere post til presten og finn han i kyrkja, med paraply! Taket lek, men Pat hentar Ted som kan reparere det. 5 min

9 Hey, wait for me
Pat og Jess er undervegs i bilen sin og vi høyrer på den enkle dialogen som "come on, it's easy, what's the matter? look at the clouds, I can't get through, I'm sorry, wait a moment, the gate is open, wait for me, we're late." 5 min

10 Is it broken? Oh dear!
Denne gongen handlar det om Ted. Han har dotte og skada foten sin. "It's my ancle, it hurts, I'll get the doctor, I'll look at it, it'll be all right, it isn't broken, I can walk, I'll take you home." 5 min

11 Nice weather for a holiday
Pat er ute med postbilen igjen. Det er sommar og Greendale har feriegjestar. Dette fører til meir arbeid for Pat. "It's holiday time, the weather is nice, nice weather for a holiday, there are campers, there's a parcel for Granny Dryden, here's a letter for you, open the parcel, what's in it?" 5 min

12 Don't worry, I'll get a tractor
Pat skal levere brev til camping-turistane, men han er svært hjelp- sam så undervegs får han fleire oppdrag. Han tek med seg egg frå George."I've got some eggs for them, I'll take the eggs, those eggs look good, be careful, don't drop the eggs, don't worry, up we go, down we go." 5 min

13 It's hot
No er det skikkeleg varmt i dalen til Pat og alle er litt plaga av varmen. "It's hot today, it's very hot, I'm thirsty, look at the sheep,they're thirsty, there's no water in the village, there's some lemonade, what's the time, it's ten o'clock." 5 min

14 There isn`t any water
Pat og Jess er som vanleg underveis med posten.Men det er ingen god dag for Greendale. Det er ein varm dag, men landsbyen er uten vatn. Dialogen inneheld uttrykk som "No water today, no water yesterday, there isn't any water, the pump isn't working, Ted can mend it, he looks for some tools, a hammer, a spanner." 5 min

15 Listen to the wind, Jess
Det bles i Greendale. Uttrykk som blir nytta i episoda er: "It's a windy day, the wind is strong, the tree is in the way, Pat can't move the tree, Peter can move the tree, he's got the right tools, Pat can clear away the small branches." Her er mykje å gripe fatt i for å starte ein samtale i klassa. 5 min

16 Where's your hat?
Pat har problem med bilen sin og posthua blir tatt av vinden. uttrykk som går igjen denne gongen er: "something's wrong with the van, it's the engine, mend the engine, the hat's in the pond, it gets wet, you lost your hat, here's one, there's one, there's another, there's another one in the tree." 5 min

17 I don't like this fog
Denne gongen er det tåke i Greendale, og han har ein plagsom hoste. Uttrykk er: "it's a foggy day, Pat has a bad cough, Pat doesn't like the fog, he can't see anything, is there time for a biscuit, the post has arrived, you can have biscuit another time, maybe the sign will help you, crossroads." 5 min

18 Jess, where are you
Jess har forsvunne i tåka og Pat må leite etter henne, men det endar med at begge går seg vekk. Uttrykk denne gongen er: "Sam's got something for Pat's cough, ring the bells, Pat will find his way, the fog's cleared." 5 min

19 Pat's late
Denne dagen har Pat forsove seg. Miss Hubbard ropar på Pat og han er ikkje sein om å kome seg avgarde. Dette er den dagen alt går gale for Pat og til slutt dett pakken til Ted i bakken og alt blir spreidd utover. Uttrykk: "It's a bad day for Pat. It's not a good day. He has bad luck. Good luck, Pat. Pat has a bad start. Did you have a good start today? Miss Hubbar is up early: Pat is late." 5 min

20 My hand! It hurts
Her held historia om pakken til Ted fram. Bill har ein magnet og hjelper til med å samle opp innhaldet som var i pakken. Men dagen er ikkje slutt og Pat skadar handa si og må til doktor. Uttrykk å øve på er: "Pat's hand hurts." "Does your hand hurt?" "Yes, my hand hurts." "No, but my finger hurts." 5 min

21 That's a nice snowman
No er snøen komt til Greendale. Snøen er djup og det er ikkje lett å kome fram. Vi følgjer etter brøytebilen og ser på snømannen som borna på skulen har laga.Uttrykk å øve på: "Wait for me!" "Not so fast!" "Follow me!" "I'm coming." "Ready?" "Be careful!" "Hurry up! "There's a lot of snow." "The snow is deep." "It's cold outside." 5 min

22 Take my sledge
Vi får forklaring på kvifor det var dr.Gilbertson som åpna døra hjå presten. Presten har brote foten. Pat får låne seg ein kjelke, det er tungt å drage oppover, men nedover går det i full fart. Uttrykk som ein kan øve på er: "Pull and push, Pat will pull the sledge, Alf can push, my leg's broken, is your leg broken?" 5 min

23 Snow again
Det er framleis snø i Greendale. Pat skal til granny Dryden med post og samtidig tek han med varer frå Sam. Uttrykk å øve på: "Here's a letter for John." "It's from my sister." Som ei øving kan elevane øve seg på å skrive brev til kvarandre. 5 min

24 Snow again
Vegen er glatt og det er også skøyteisen. Pat prøver seg på skøyter men har ikkje særleg hell med seg. Sykkelen til Miss Hubbard har blitt vekk i snøen. Det er mykje som er kjekt og ein kan øve på slike ting som: "skiing, swimming, playing, singing" osv. 5 min

25 The phone isn't working
Været er framleis dårleg i Greendale. Telefonlinja er øydelagt og presten får ikkje ringt til systera. Presten har reist for å ta toget, men då ringer systera og seier ho kjem til Greendale. Uttrykk å øve på kan vere: "Are you going on holiday?" "Yes, I'm going on holiday." " Where are you going on holiday." "I'm going to London." 5 min

26 A heavy cat in a big bag
Den siste episoda gir oss slutten på forteljinga om presten og systera. Sjølvsagt går alt bra til slutt. I denne siste episoda møter ein dei fleste av skikkelsane i serien, og det kan kanskje vere lurt å snakke litt om kvar enkelt person? 5 min


Andre bøker på emnet Engelsk sprÃ¥k : SprÃ¥kprogrammer (5)

  1. Spelling 1-2
  2. Once upon a time...but when?
  3. Kids English zone
  4. Hidden Pictures
  5. Doors 1

Andre bøker på emnet Engelsk sprÃ¥k - Filmer (4)

  1. Teen English Zone
  2. Balamory
  3. Big Cook Ben and Little Cook Small
  4. Engelskserie

Logg inn hvis du ønsker å kommentere denne

Denne finnes på Reinen skole

Lånehistorikk Utlånt 1 ganger

  1. 2015 - 20. mars 5 dager.

Tech info